Eplejus og eplesider frå Sæbø i Ryfylke

|

Personvern

Sist oppdatert: 17. juni 2026

Personvernerklæring

Apal Sideri AS handsamar dine personopplysningar når du besøker våre nettsider, nytter deg av våre tenester, eller på annan måte kjem i kontakt med oss. Dette gjer me for å kunne løysa oppdrag og levera avtalte tenester. Dersom du samtykkjer, kan me òg handsama dine personopplysningar til andre formål.

Du skal kjenne deg trygg på at dine personopplysningar blir handsama på ein forsvarleg måte. Denne personvernerklæringa fortel deg korleis vi samlar inn personopplysningar og kva vi brukar dei til. Ho inneheld òg informasjon om korleis vi sikrar personopplysningane, kven vi deler dei med, og dine rettar.

Kva er ein personopplysning?

Ein personopplysning er kvar opplysning som kan knytast til eit enkeltindivid, direkte eller indirekte, inkludert mellom anna namn, postadresse, e-postadresse, IP-adresse og mobilnummer. All bruk av personopplysningar (innhenting, registrering, lagring, samanstilling og utlevering) vert rekna som handsaming av personopplysningar.

Kven er behandlingsansvarleg?

Apal Sideri AS (organisasjonsnummer 935 138 094, Sæbøvegen 35, 4130 Hjelmeland) er behandlingsansvarleg for personopplysningar vi handsamar i samband med bruk av våre nettsider og tenester, eller når du kjem i kontakt med oss på annan måte.

Eit selskap som handsamar data på våre vegne kallast databehandlar. Samarbeidet vert regulert av databehandlaravtalar med tydeleg formål og klare retningslinjer. Det same gjeld dersom Apal Sideri er databehandlar for våre kundar.

Kva for personopplysningar handsamar me?

Apal Sideri handsamar personopplysningar innan desse kategoriane:

  • Grunnleggjande opplysningar om deg, som namn og kontaktopplysningar (e-postadresse, telefonnummer mv.).
  • Opplysningar i samband med ditt kundeforhold hos oss, som teneste- og ordreopplysningar, betalingsopplysningar, og førespurnader.
  • Eventuelle andre opplysningar som er samla inn på grunnlag av ditt samtykke. Då vil du få spesifikk informasjon om kva opplysningar me samlar inn og kva dei blir brukte til når me ber om ditt samtykke.

Det er frivillig å gje oss tilgang til dine personopplysningar. I enkelte tilfelle vil me likevel kunne trenge slik informasjon for å levere avtalte tenester, ta kontakt med deg, mm.

Korleis får me personopplysningar om deg?

Me mottar personopplysningar direkte frå deg når du sender oss e-post, melder deg på arrangement eller kjem i kontakt med oss på andre måtar. Desse opplysningane er naudsynte for at me skal kunne levere den tenesta du har bestilt eller for å kunne følgje opp dine førespurnader.

Kva brukar me personopplysningane til?

Apal Sideri brukar personopplysningar til følgjande formål:

  • Levera produkt/tenester: Me handsamar personopplysningar for å yta og levera produkt/tenester til deg. Til dømes vert dine opplysningar handsama i samband med gjennomføring av omvisning, inkludert fakturering og annan administrering av klientforholdet.
  • Stillingutlysning og tilsetjing: Me brukar personopplysningar for å vurdera kandidatar som søkjer på stillingar hos oss, enten uoppfordra eller ved utlysing.
  • Overhalde lovpålagde krav: Me handsamar personopplysningar for å oppfylla våre lovbestemte plikter, f.eks. i samband med rekneskapsførsel og for å leggja fram opplysningar for kompetent myndigheit når dette er pålagt oss i samsvar med norsk lovgiving.
  • Andre formål du har samtykkja til: Me kan handsama dine personopplysningar for eit anna formål som du spesifikt har gjeve oss samtykke til.

Booking, betaling og tryggleiksverktøy

Når du bookar ei oppleving på nettsiden, lagrar me opplysningane du oppgjev (namn, e-post, telefon og eventuelle kommentarar) for å administrera bookinga di, senda stadfesting og påminning på e-post, og følgja deg opp i samband med besøket. Opplysningane vert lagra i databasen vår (Supabase) og e-post vert sendt via Resend — begge med databehandlaravtale.

Dersom du betalar for ei oppleving på førehand, vert sjølve betalinga handsama av betalingsformidlarane Vipps MobilePay og/eller Stripe. Desse er sjølvstendige databehandlarar/behandlingsansvarlege for betalingstransaksjonen. Apal Sideri tek imot ei stadfesting på betalinga og ein betalingsreferanse, men lagrar ikkje fullstendige kortnummer. Bruken av Vipps og Stripe er underlagd deira eigne personvernvilkår (vipps.no og stripe.com/privacy).

Nettsiden brukar Google reCAPTCHA for å verna booking- og chatfunksjonen mot misbruk frå robotar. reCAPTCHA samlar inn maskinvare- og programvareinformasjon (som IP-adresse og åtferdsdata) og sender dette til Google for analyse. Bruken er underlagd Google sin personvernerklæring (policies.google.com/privacy) og vilkår (policies.google.com/terms). reCAPTCHA kan setja informasjonskapslar i nettlesaren din.

Utover dette set nettsiden ingen sporings- eller marknadsføringskapslar. Språkvalet ditt vert lagra lokalt i nettlesaren din og vert ikkje delt med nokon.

Behandlingsgrunnlag

Me handsamar personopplysningar på desse grunnlaga:

  • For å gjennomføre booking og betaling, og levere opplevinga du har bestilt — for å oppfylle avtalen med deg (personvernforordninga art. 6 nr. 1 bokstav b).
  • For rekneskap og anna lovpålagd dokumentasjon — for å oppfylle ei rettsleg plikt (art. 6 nr. 1 bokstav c).
  • For å verna nettsida mot misbruk og halde tenestene trygge — vår rettkomne interesse (art. 6 nr. 1 bokstav f).
  • For formål du særskilt har samtykt til — samtykke (art. 6 nr. 1 bokstav a). Eit samtykke kan når som helst trekkjast tilbake.

Kor lenge lagrar me opplysningane?

Me lagrar personopplysningar berre så lenge det er naudsynt for det formålet dei vart samla inn for. Booking-opplysningar vert sletta eller anonymiserte når dei ikkje lenger er naudsynte for å følgje opp besøket ditt.

Betalings- og rekneskapsdokumentasjon vert lagra så lenge bokføringslova krev det — som hovudregel i 5 år etter rekneskapsåret. Opplysningar me handsamar på grunnlag av samtykke, vert sletta dersom du trekkjer samtykket tilbake.

Dine rettar

Du har etter personvernregelverket rett til å:

  • be om innsyn i kva personopplysningar me handsamar om deg,
  • be om at uriktige opplysningar vert retta eller utfylte,
  • be om at opplysningar vert sletta («retten til å bli gløymd»),
  • be om avgrensing av handsaminga eller protestere mot handsaminga,
  • be om dataportabilitet (få utlevert opplysningane i eit maskinlesbart format), og
  • trekkje tilbake eit samtykke du har gjeve.

Meiner du at me handsamar personopplysningar i strid med regelverket, kan du klage til Datatilsynet (datatilsynet.no). Me set likevel pris på at du tek kontakt med oss først, så me kan rette opp eventuelle feil.

Kontakt oss

Send oss gjerne ein e-post til danolav@apalsideri.no dersom du har spørsmål om korleis me handsamar personopplysningar eller ønskjer å be om innsyn, retting eller sletting mv.