
Apal Sideri er meir enn berre ein produsent av prisvinnande sider; det er ein stad der tradisjon og innovasjon møtest i naturskjønne omgjevnader. Med vår plassering i vakre Hjelmeland, tilbyr me gjestane våre ei autentisk oppleving som kombinerer lokalproduserte råvarer, handverksprodukt og ekte norsk gjestfridom. Våre arrangement gjev ei kjensle av tilhøyrsel og opplevingar ein tek med seg vidare.
Bla ned for å finne di oppleving!
Apal Eksklusiv
Sider og middag
Stikk innom
Apal Eksklusiv
Privat omvising med smaking av sider, lokal spekemat og ost — og garden si historie på menyen. De får heile sideriet for dykk sjølve.
Gruppestorleik: inntil 32 personar
Sider og middag
Omvising i frukthagen og sideriet, smaking av dei mest populære siderane våre med lokal spekemat og ost i Apalstova, og til slutt middag basert på lokale råvarer. Minimum 15 personer.
Gruppestorleik: inntil 32 personar
Stikk innom
Velkomen til sommar på terrassen! Kom innom for eit glas kald sider i sola, og nyt litt spekemat og ost som snacks i hyggelege omgjevnader.
Opningsdagane finn du i bookingkalenderen — der kan du reservere bord på førehand.
Gruppestorleik: inntil 32 personar


