
Apal Sideri produserar frisk og fruktig eplejus og eplesider på Sæbø i Hjelmeland kommune.
Produkt 4/8
Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Finn meir informasjon.
Våre opplevningar:
Apal Eksklusiv
Stikk innom
Sider og middag
Apal Eksklusiv
Apal Eksklusiv
Privat omvisning med smaking av sider, lokal spekemat og ost samt garden si historie på menyen.
Varigheit: Ca. 2 timar
Gruppestorleik: 2–30 personar
Periode: Heile året
Pris: Kr 1.990 + kr 500 per person
Stikk innom
Stikk innom
Vi har drop-in kvar laurdag frå 13.00-18.00. Dette gjeld frå 7. juni til 23. august, for då er det ekstra fint å sitje ned og betrakte Hjelmelandsfjorden med ein leskande sider i glaset.
Sider og middag
Sider og middag
Ønskjer du ei heilskapleg oppleving med omvisning, sidersmaking og ein middag laga av lokale råvarer? Me kan skreddarsy ei kjekk oppleving som passar like godt for vennegjengen som for bedrifta di.
Opplevinga startar med omvisning i frukthagen og sideriet. Deretter inviterer me til smaking av dei mest populære siderane våre, servert saman med lokal spekemat og ost i Apalstova. Til slutt rundar me av med ein smakfull middag basert på lokale råvarer.
Varigheit: Ca. 3-4 timar
Gruppestorleik: 12–32 personar
Periode: Juni og August 2026
Pris: Kr 1399 per person
Meny: Kommer snart
Transport: kan arrangerast ved behov
Apal Stova
Vårt unike lokale, sentralt på Hjelmeland, kan leigast. Me har målt og testa, og funne ut at 32 personar er nok maks. Lokala vert kun leigt ut til alkoholfrie arrangement.
Kontakt oss for booking







