Eplejus og eplesider frå Sæbø i Ryfylke

Gylne Dropar

Apal Sideri produserar frisk og fruktig eplejus og eplesider på Sæbø i Hjelmeland kommune.

Meir om oss

Skvist

Apal Sideri

Friskhet:
Fylde:
Sødme:

Me har laga denne eplejusen slik at du skal ha noko ekstra godt i glaset når du nyt noko alkoholfritt. Epla gjer sitt. Handverket gjer resten. Me vil påstå at den passar til kva som helst!

Skvist er ein frisk og syrlig eplejus laga av modne Aroma- og Karin Schneider-eple. Lett musserande. 

Eris

Apal Sideri

Friskhet:
Fylde:
Sødme:

Det er fortalt mang ei historie på Sæbø gard. Ei av desse historiene, som etter sigande vart fortalt av ein omflakkande skreddarsvenn på jakt etter tak over hovudet, er historia om Eris. Det er jo kanskje ikkje historia du alltid tar fram i festleg lag, eller når du treff ein engelskmann i New York. Men om du skulle treffe på ein grekar derimot, då blir det annleis. For i gresk mytologi er Eris gudinna for usemje. For oss ville ikkje det ha spelt så stor rolle, hadde det ikkje vore for at Eris starta trojankrigen på ein litt spesiell måte; ved å kaste eit gyllent eple med påskrifta «til den vakraste» inn blant gudane på eit festmåltid. Ho fekk aldri smakt sideren vår, den gode Eris, men namnet sitt på den fekk ho.

Sideren er laga av Gravenstein og Discovery. Han er frisk og knsktørr med fyldig og lang smak. Ingegrert preg av humle gir ein anelse bitterheit i avslutninga. 

8,65 g/L syre
10 g/L sukker
7 % alkohol
Inneheld sulfitt

Sølvsider

Apal Sideri

Friskhet:
Fylde:
Sødme:

Kloster dukkar stadig opp i historia når det handlar om drykk. Me kjenner ikkje til nokon kloster i Sæbø-traktene, men likevel har historia vår eit hint av kloster i seg. For i 1769, 160 år før metalldetektoren blei oppfunnen, gjekk fru Dahl tur rundt på Sæbø. Med sitt ørneblikk oppdaga ho ikkje mindre enn seks halsringar i sølv frå sjølve vikingtida. Sølvet, vil me tippe, vart nok røva frå eit kloster i Wales-traktene. Det var jo ganske typisk for vikingane å gjere noko slikt.

Fru Dahl mottok aldri finnarlønn for sitt funn. Men for å hylle hennar bragd for ettertida, har me laga Sølvsider. Han er basert på eplesortane Aroma og Summerred, som har vakse i området der ringane vart funne. 

Sølvsider har ein fyldig og konsentrert smak med tørr utgang. Frisk syre og faste bobler gir ein lett kremete munnkjensle. Smaken av solmodne, gule eple sit i lenge.

Passar godt til skalldyr og fisk.  

7,13 g/L syre
16 g/L sukker
8 % alkohol
Inneheld sulfitt

Kompani

Apal Sideri

Friskhet:
Fylde:
Sødme:

70-talet var ei interessant tid. Ikkje det 70-talet som gav oss slengbuksa og lange snippar. Nei, me snakkar om 1770-talet. Det var på den tida Napoleon Bonaparte lærte seg å gå.

Samstundes, i dei slake liene i Sæbø-traktene, samla modige bondesoldatar seg for å danne 1. ryfylkske kompani. Dei heldt seg stort sett på denne eksersisplassen, dette kompaniet. Dei kjempa nok korkje for eller mot Napoleon nokre år seinare.

Så til minne om brorskapet og alt bondevettet som fann stad akkurat her, har me laga sideren Kompani. Ein rosésider der eplesorten Aroma møter litt bringebær i miks. Smaken er tørr, men med god fruktkonsentrasjon og eit touch av restsødme. 

6,07 g/L syre
10 g/L sukker
10 % alkohol
Inneheld sulfitt

Produkt 4/5

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Finn meir informasjon.

Våre opplevningar:

Sidersmaking

Apal Eksklusiv

Stikk innom

Sidersmaking

Sidersmaking med omvisning på sideriet

Smaking av ulike siderar sammen med smaksprøver av lokale råvarer, og forteljing av historia om garden.

Varigheit: ca. 2 timar
Gruppestorleik: 2–30 personar
Periode: mai–august 2024
Pris: kr 525 per person

Se ledige datoer

Apal Eksklusiv

Apal Eksklusiv

Privat omvisning med smaking av sider, lokale rettar og garden si historie på menyen.

Varigheit: Ca. 2 timar
Gruppestorleik: 2–30 personar
Periode: mai-desember 2024
Pris: Kr 1.990 + kr 500 per person

Stikk innom

Stikk innom

Vi har drop-in kvar laurdag frå 13.00-18.00. Dette gjeld frå juni til august, for då er det ekstra fint å sitje ned og betrakte Hjelmelandsfjorden med ein leskande sider i glaset.

Apal Stova

Vårt unike lokale, sentralt på Hjelmeland, kan leigast. Me har målt og testa, og funne ut at 32 personar er nok maks. Lokala vert kun leigde ut til alkoholfrie arrangement.

Kontakt oss for booking